Kva kan du gjere etter yrkesfag?

Når du har fullført yrkesfagleg opplæring, sit du med ein verdifull yrkeskompetanse. Det betyr at du er klar for arbeidslivet, men det finst òg mange spennande vegar vidare om du vil lære meir:

1. Fagskule – fordjuping i faget ditt

Vil du bli endå betre i det du allereie gjer? Ein fagskule er ei kort og praktisk utdanning som byggjer direkte på fagbrevet ditt. Dette er «høgare yrkesfagleg utdanning» som gjer deg klar for meir ansvar på arbeidsplassen.

2. Meisterbrev – bli din eigen sjef

Har du ambisjonar om å leie andre eller starte di eiga bedrift? Med eit meisterbrev i handa stiller du sterkt. Du treng fag- eller svennebrev og noko arbeidserfaring før du kan starte på denne leiarutdanninga.

3. Påbygging – vegen til universitet og høgskule

Om du finn ut at du vil studere noko heilt anna, som til dømes psykologi, juss eller lærarutdanning, kan du ta Vg3 påbygging.

  • Du kan ta det etter Vg2, eller vente til du har fagbrevet i boks. Eller om du er skikkelig tøff kan du ta det samtidig som du tek læretida di. VG4 

  • Fullført påbygging gir deg generell studiekompetanse, som er billetten inn til dei fleste studium.

4. Y-vegen – snarvegen for deg med fagbrev

Dette er kanskje den smartaste vegen for deg som vil bli ingeniør! Y-vegen (yrkesfagleg veg) lèt deg søke på relevante høgskulestudiar direkte med fagbrev, utan at du treng påbygging fyrst. Du brukar rett og slett den praktiske kunnskapen din som inngangsbillett.