Bakar
Bakarfaget er eit tradisjonsrikt og praktisk handverk der ein lagar brød, rundstykke, gjærbakst og andre bakverk.

Verdt å vite om Servitørfaget
Bakarfaget krev god forståing av råvarer, deigbehandling og bakeprosessar, samtidig som ein må jobbe effektivt og nøyaktig.Ein baker arbeider både med klassiske oppskrifter og moderne produksjonsmetodar, og er ein viktig del av matforsyninga i samfunnet.
Arbeidsplassar
Bakarar jobbar i alt frå små, handverksbaserte bakeri til store industribakeri, daglegvarekjeder, hotell, restaurantar og kantiner.Nokre jobbar òg med produktutvikling, kvalitetssikring eller spesialiserte nisjeprodukt som surdeig og langtidheva brød.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av brød, rundstykke og ulike typar gjærbakst
- Blanding, elting og bearbeiding av deigar
- Overvaking av heving, steiking og kjøling
- Bruk og vedlikehald av maskiner og bakeutstyr
- Planlegging og organisering av produksjon
- Sikring av god hygiene og mattryggleik
- Pakking og klargjering av varer til utsal eller levering
Personlege eigenskapar
Ein god baker er nøyaktig, praktisk og god til å jobbe systematisk.Faget passar for dei som liker fysisk arbeid og tidlege morgonar, og som har god sans for kvalitet og råvarer.Samarbeidsevner, pålitelegheit og evna til å jobbe effektivt over tid er viktige eigenskapar i kvardagen til ein baker.
Ta kontakt, så hjelper vi deg i gang!
Ann-Elisabeth Lavik Akse
tlf. 900 56 438
E-post: ann-elisabeth@okhm-sfj.no
