Reiseliv

Reiselivsfaget handlar om å gi gode opplevingar til menneske som er på reise, anten dei er turistar, forretningsreisande eller deltakarar på arrangement.

Verdt å vite om å Reiselivsfaget

Faget kombinerer service, kommunikasjon, kulturforståing og kunnskap om reisemål for å sikre at gjestane får ei trygg, triveleg og minneverdig oppleving.

Arbeidsstadar

Ein fagarbeidar i reiseliv kan jobbe på mange ulike arenaer. Vanlege arbeidsplassar er turistinformasjonar, hotell, reisebyrå, cruisebåtar, destinasjonsselskap, aktivitetsbedrifter, serveringsstader og opplevingssenter. Nokre arbeider òg med booking, guiding, arrangement, marknadsføring eller sal av reiselivsprodukt. Arbeidsmiljøet er ofte internasjonalt og variert, og mange arbeidsstadar har stor kontakt med både lokale aktørar og gjester frå heile verda.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Gi service og rettleiing til gjester og kundar
  • Informere om aktivitetar, attraksjonar og reisemål
  • Handtere booking, reservasjonar og sal av tenester
  • Bistå med planlegging og gjennomføring av arrangement og opplevingar
  • Bruke digitale system for kundebehandling og marknadsføring
  • Sørgje for tryggleik og god kvalitet i alle ledd av gjesteopplevinga

Personlege eigenskapar

For å trivast i reiselivsfaget er det viktig å vere serviceinnstilt, utadvendt og god til å kommunisere. Ein må vere fleksibel, løysingsorientert og kunne handtere travle periodar med rolige og profesjonelle haldningar. Interkulturell forståing, samarbeidsevne og ein ekte interesse for menneske og reiseopplevingar er òg sentrale eigenskapar i yrket.

Ta kontakt, så hjelper vi deg  i gang!

Ann-Elisabeth Lavik Akse
tlf. 900 56 438
E-post: ann-elisabeth@okhm-sfj.no