Servitør
Servitørfaget er eit allsidig fag. Faget er under stadig utvikling. Ein god servitør er restauranten sitt andlet utad. Det er viktig at du er utadvendt, flink til å kommunisere, initiativrik og smilande. Det er mange moglegheitar til vidare utdanning og karrierebygging.

Verdt å vite om Servitørfaget
Kva gjer ein servitør?
Ein servitør kan mykje om mat og drikke, gjerne i kombinasjon. Er god på kommunikasjon, jobben vil være å formidle informasjon om mat og drikke til gjestane. Ingen dag er lik den forrige, då gjester kjem og går, så du må være klar til å møte nye mennesker, nye menyar og nye opplevingar kvar dag. Du skal kunne arrangere og gjennomføre ulike arrangement som store selskap, bankettar, kurs og konferansar.
Kor kan eg jobbe?
Ein servitør kan jobbe innanfor ulike typer restaurantar, på hotell og andre overnattingsstadar og skip. God kjennskap til språk og andre kulturar er ein viktig eigenskap for servitøren.
Medlemsbedrifter
Medlemsbedriftene våre tilbyr god opplæring og tett oppfølging for deg som ynskje å gå i lære for å bli servitør.
Mer informasjon på:
www.vilbli.no
Ta kontakt, så hjelper vi deg i gang!
Ann-Elisabeth Lavik Akse
tlf. 900 56 438
E-post: ann-elisabeth@okhm-sfj.no
