Fylkeskommunen sitt økonomiske

 

 

 

 ansvar for videregående opplæring

 

(Opplæringslova §§ 3-9 og 13-3)

 

 

 

Opprettet den 26 august 2002

 

 

 

Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar

 

§ 19-1 Generelt

Reglane her gjeld refusjon av utgifter til undervisning for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

Reglane gjeld i den utstrekning andre løysingar ikkje følgjer av andre føresegner eller er avtalte mellom eit heimfylke og eit skolefylke.

Reglane her omfattar ikkje

 

§ 19-2 Definisjonar

Med gjesteelev er her meint elev som er teken inn til eit vidaregåande skoletilbod i ein fylkeskommune der eleven ikkje er registrert i folkeregisteret som busett per 1. januar det året kurset tek til.

Med heimfylke er meint den fylkeskommunen der ein elev er registrert som busett per 1. januar det året kurset tek til.

 

§ 19-3 Ansvar

Det er skolefylket sitt ansvar å bringe på det reine om vilkåra for å krevje refusjon er til stades.

 

§ 19-4 Refusjon

Det kan krevjast refusjon frå heimfylket for gjesteelevar tekne inn

  1. til teoriundervisning for lærlingar
  2. etter førerett til inntak ved institusjonar der dei er langtidspasientar, med 6 læretimar per veke per elev avgrensa til 3 år
  3. på annan måte enn nemnt ovanfor, i den utstrekning heimfylket har akseptert å betale refusjon.

Det kan ikkje krevjast refusjon for gjesteelevar som er tekne inn til tilbod som også finst i det fylket der eleven er busett.

Økonomisk ansvar for utgifter til opphald for teiknspråklege elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9

 

§ 19-5 Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for utgifter til opphald

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til kost og losji for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9.

Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til nødvendige sosialpedagogiske tiltak for elevar som har behov for hjelp med å finne seg til rette i skole- og fritida, mellom anna utgifter til nødvendig miljøpersonale.

Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar etter første og andre ledd gjeld elevar som er busette i fylket, og som må flytte heimanfrå for å få opplæring. Fylkeskommunen der eleven er busett, gjer det endelege vedtaket etter første og eventuelt andre ledd.